Køyretøyhistorisk Klubb Voss Dalsmoen 49 5709 VOSS 26.01.2020
Kontonummer klubben: 9581 20 56965 Kontonummer VossaRudl’n: 9581 20 70100 E-post klubben: post@khkv.no E-post VossaRudl’n: rudln@khkv.no E-post leiar: stigkare@hotmail.com Internett: www.khkv.no E-post sekretær: rk.traa@online.no Organisasjonsnummer: 993 923 419
Køyretøy Historisk Klubb Voss inviterer til Norgesløpet VossaRudl’n fredag 30. mai 2020
Me inviterer til veteranhelg på Voss i pinsehelga 2020. 10 år sidan sist klubben arrangerte Norgesløp er Voss atter staden for løpet. Me har freista setja i hop eit program for heile pinsehelga og ser fram til å ynskje velkomne til Vestland sitt vakraste eventyr, på denne tida av året.
FREDAG 29. MAI Alt fredag startar programmet. For dykk som kjem fredag vert det høve til å parkera køyretøyet på startområdet frå klokka 14:00 og utover. Du vil då få parkera på oppmerka plass for ditt startnummer.
Hyggeleg samkome fredag kveld Me samlast i klubbhuset på Istad, for ei hyggeleg samkome kl 19:00. På menyen er det grillmat. Ymse leskedrikk kan kjøpast i baren. Me ordnar med fellestransport frå Voss sentrum, for dei som ikkje ynskjer å køyre sjølve. Betaling,- for samkoma ved oppmøte kr 200,- Meir informasjon kjem.
LAURDAG 30. MAI Norgesløpet VossaRudl’n 2020 vert gjennomført. Kl 08:30 oppstilling på Prestegardslandet ved Vangsvatnet. Det vil vera fleire postar i løypa som deltakarane skal gjennomføra, fotopost og sjølvsagt lunsj. Gjennomføring av postane er naudsynt for den vidare løypa. Me er på vestlandet så deltakarane skal køyra både opp- og nedoverbakkar. For dei som ynskjer er det muleg å køyre opp Stalheimskleiva. Målgang løpshotellet Stalheim. Dagen vert avslutta med løpsfest, premieutdeling, middagsbuffet og musikk.
SUNDAG 31. MAI Me inviterer deltakarane på tur til Kaupanger og Bjarne Lerums Bilmuseum. Kl 10:30 avreise Stalheim med buss til Kaupanger. Her vil me få omvising på bilmuseet. Kl 15:00 retur med ferje frå Kaupanger til Gudvangen. Turen går på vakre Nærøyfjorden, som står på UNESCO si verdsarvliste. Buss frå Gudvangen til Stalheim. Pris for turen vert om lag kr 650,- per person (dette avheng av antal deltakarar) Sundag kveld er det duka for 3-rettars festmeny ved Stalheim Hotel.
Gjester som ikkje bur på Stalheim er sjølvsagt velkomne til dette, men de betaler då kr 500,- for middag. Betaling direkte til hotellet.
MÅNDAG 1. JUNI Frukost, drøs, avskjed og heimreis.
Venleg helsing Ruth Kristin T Trå, sekretær
Køyretøyhistorisk Klubb Voss Dalsmoen 49 5709 VOSS 26.01.2020
Kontonummer klubben: 9581 20 56965 Kontonummer VossaRudl’n: 9581 20 70100 E-post klubben: post@khkv.no E-post VossaRudl’n: rudln@khkv.no E-post leiar: stigkare@hotmail.com Internett: www.khkv.no E-post sekretær: rk.traa@online.no Organisasjonsnummer: 993 923 419
Påmelding startar 1. februar 2020 – påmeldingsfrist er 31. mars 2020
Køyretøy med årsmodell til og med 1990 kan delta. Maksimalt antal deltakande køyretøy er sett til 150.
Deltakaravgifta er i år kr 700 kr, dette inkluderer lunsj for sjåfør.
Påmelding til løpet er elektronisk. Via denne elektroniske påmeldinga betaler du òg deltagaravgifta samt lunsj for eventuelle passasjerar.
Det er viktig at du les orienteringa godt og fyller ut korrekt informasjon.
Du vil få meir orientering undervegs på e-postadressa du registrerer i påmeldinga. Bruk gjerne kommentarfeltet til informasjon du trur er viktig for oss. Det vil også verta lagt ut oppdatert informasjon på heimesida og på Facebook.
Påmelding startar 1. februar 2020.
Køyretøyhistorisk Klubb Voss Dalsmoen 49 5709 VOSS 26.01.2020
Kontonummer klubben: 9581 20 56965 Kontonummer VossaRudl’n: 9581 20 70100 E-post klubben: post@khkv.no E-post VossaRudl’n: rudln@khkv.no E-post leiar: stigkare@hotmail.com Internett: www.khkv.no E-post sekretær: rk.traa@online.no Organisasjonsnummer: 993 923 419
Overnatting:
Alle deltakarar må bestilla overnatting sjølve.
Ved fullført påmelding vil du motta eit referansenummer du MÅ oppgje når du bestiller hotellrom.
Bestill hotellrom i same namn som i påmeldinga!
Løpshotellet er Stalheim Hotel. Stalheim Hotel, 5715 Stalheim, Telefon: 56520122, E-post: info@stalheim.com Prisar for overnatting: Per person per døgn i dobbeltrom kr.1250.- inkludert frukost og middagsbuffet laurdag kveld og 3-rettars festmeny sundag kveld. Per person per døgn i enkeltrom kr.1400,- inkludert frukost og middagsbuffet laurdag kveld og 3-rettars festmeny sundag kveld. Barn 5 – 15 år – på ekstraseng i foreldrenes rom, per døgn kr. 600,- Barn 0 – 4 år gratis
Stalheim Hotel er primært for dei som skal overnatta laurdag til måndag!
Alternativ overnattingar:
Myrkdalen Hotel, Klypeteigane, 5713 Vossestrand, tlf: 47471600, e-post: post@myrkdalen.no Oppheim Hotel & Resort, Oppheimsvegen 162, 5713 Vossestrand, tlf: 56522500, e-post: booking@oppheimresort.no Vossestølen Hotel, Oppheimsvegen 87, 5713 Vossestrand, tlf 56529999, e-post: bookingvoss@fjordfjellhotel.no Gudvangen Fjordtell, 5747 Gudvangen, tlf: 48075555, e-post: booking@gudvangen.com Fleischer’s Hotel, Voss sentrum, tlf: 56520500, e-post: hotel@fleischers.no Park Hotel Vossevangen, Voss sentrum, tlf: 56531000, e-post: booking@parkvoss.no Scandic Voss, tlf: 23155000, Voss sentrum, e-post: voss@scandichotels.com
OBS: Prisar hjå desse alternative hotella inkluderer ikkje middag på Stalheim hotell. Middagsbuffet laurdag kveld, for dei som ikkje overnattar på hotellet: kr 500,- 3-rettars festmeny, sundag kveld, for dei som ikkje overnattar på hotellet kr 500,- Betaling direkte til hotellet for dette.
Har du spørsmål, kan du retta dei til rudln@khkv.no