Velkommen til Dyrskuplassen 2023

Den tradisjonsrike Dyrskuplassen ligg midt i hjartet av Sør Noreg og tar i løpet av året imot opp mot 200 000 gjester.

Plassen husar både marknader og festivalar og har truleg Noregs best utbygde festivalcamp! Seljord ligg omkring 2 timar frå Oslo og 3 timar frå Kristiansand.

Ta kontakt for gruppebestillingar på post@dyrskun.no

Hjarteleg velkomne til Seljord!

 

 

Vårmarknad 19.-20 mai

Topp start på sesongen!

På Vårmarknaden finn du bodar med både brukt og nytt, auksjon, bilutstilling, konsert og FMX show med Andre Villa!

Innsjekk på festivalcamp er frå torsdag 18.mai kl. 12.

Start campingsesongen med topp stemning på Dyrskuplassen i år! Kanskje du treff gamle eller nye kjente?

Billettar og meir info finn du her https://www.dyrskun.no/varmarknad/

 

KJØP BILLETT HER

 

FMX Show med

Laurdag 20. mai 2023

 

The Boots Band

The Boots Band frå Notodden vart etablert i 1997 og har i over 25 år turnert Noreg på kryss og tvers. Linedance-hitten Sugar & Pai har gjett The Boots Band stempel i passa sine i land som Sverige, Danmark, Frankrike og England.

Laurdag 20. mai spelar dei konsert på Vårmarknaden!

KJØP BILLETT HER

 

Seljordfestivalen 5.-9.juli

Noregs trivelegaste festival!

Gjennom 20 år har gjester valfarta til Seljordfestivalen for å oppleve den trivelege stemninga og den gode musikken.

I år står mellom anna Heine Totland, Ole Ivars, Lasse Stefanz, Anne Nørdsti mfl på scenen. I tillegg kan du vere med på fjelltur med Frode Aga som diskar opp med lokalmat, eller ta ein tur på den fantastiske Telemarkskanalen! Under festivalen kan du også delta på kurs, zumba eller handle blant utstillarane.

Les meir og bestill din plass her https://seljordfestivalen.no/

KJØP BILLETT HER

v

 

 

Countryfestivalen 26.-30.juli

Nordens største countryfestival!

Med over 25 000 gjester er Countryfestivalen i Seljord Nordens største i sitt slag.

På scenen står i år Kurt Nilsen, Shania Twain tribute band, Vassendgutane, Rotlaus med mange fleire.
På festivalen finn du eit rikt tilbod av mat og drikke, i tillegg til aktivitetar som utandørs basseng,handlegate, quiz mm.

Les meir og bestill din plass her https://countryfestivalen.no/

KJØP BILLETT HER

 

 

 

Dyrsku’n 08.-10.september

Rotekte opplevingar!

Noregs største mat og landbruksmesse har røter tilbake til 1866 og blir årleg besøkt av 90 000 gjester.

Her finn du norske husdyr, over 800 salsutstillarar, det ypparste innan norsk lokalmat, Nordens største tivoli, husflid og designutstilling og mykje meir. I tillegg til kan du delta på politiske debattar og føredrag og ei rekke andre aktivitetar for både liten og stor.

Billettar og meir info finn du her
https://www.dyrskun.no/

 

 

Gjenopplev den gode stemninga på Dyrsku’n 2022

 

 

FØLG OSS FOR NYHEITER